Rutlinsparken

Tiltakshavar : Ulvahaugen AS

Adresse : Ulvahaugen Vest, Sogndal

Type bygg : Park

Areal : ca 3,5 daa

Status : Oppstart detaljregulering 2021

Arkitektkontoret A38 er opptatt av å skape sentrumsutvikling med fine og tilpassa leilegheitsbygg i kombinasjon med gode sosiale uterom.  Vår visjon er at dei beste uteareala skal vere opne og tilgjengelege for alle.  Det er difor ønskeleg med eit makebytte av tomteareal slik at kommunen får den beste delen av den «flate» tomta i bakkant - i byte mot den bratte og «ubrukelege» skråninga i framkant.  Dette blir ein vinn-vinn situasjon : prosjektet får fleire leilegheiter med gode sol- og utsiktsforhold, naboane bak får blokkene lenger unna si grense og kommunen, dvs alle som bur i Sogndal, kan få tilgang til eit stort og spennande parkområde som vi har kalla «Rutlinsparken» og som blir tilgjengeleg for alle.  

Med stadig høgare fortetting og urbanisering i Sogndal sentrum blir det endå viktigare med fleire grøne lunger og hyggelege parkanlegg opne for alle.

«Rutlinsparken» kan bli stor i utstrekning, om lag dobbel så stor som balløkka i dag.  I tillegg vil det store parkrommet flyte saman med det halvprivate/ halvoffentlege hagearealet tilhøyrande bustadprosjektet Ulvahaugen Vest slik at parken visuelt framstår om lag tre gonger så stor.  Rutlinsparken er foreslått underdelt i 4 rom som vi har kalla «Eventyrskogen», «Løkka», «Oasen» og «Chill&stille».  Eventyrskogen er den «uoppdaga» og litt mystiske skogen som ligg ned mot det delvis uttørka bekkeleiet lengst i vest.  Her kan ein gå på litt trollske stiar i dunkelt skogslys.  Løkka er det største rommet i parken, og her kan det til dømes bli tilrettelagt for sandvolleyball, padletennis etc i tillegg til fotball som i dag.  Oasen ligg midt i parken, og her er det foreslått ein idyllisk og poetisk sansehage med sildrande bekk og vakker vegetasjon.  Lengst mot aust ligg området Chill&stille, den rolegaste delen i parken, tilrettelagt for stillare aktivitetar som avslapping, lesing, grilling og soling. 

Parken kan få tilrettelagt gangtilkomst frå alle sider og hjørner.