framside2.jpg
IMG_1206.jpg
framside2.jpg

A38


SCROLL DOWN

A38


 

VISJON

Arkitektkontoret A38 vart stifta i 1976 og har solid og breid prosjekteringserfaring, med små og store oppdragsgjevarar, offentlege og private. Kontoret arbeider også med programmering, regulering, interiør og landskap og tek hand om all prosjektadministrasjon, også rollen som totalrådgjevar. A38 set si ære i at alle prosjekt skal bli så bra så råd er innanfor rammene kontoret blir tildelt, og at byggeigar skal bli stolt av bygget sitt. Gode prosessar gir gode resultat, difor blir oppdragsgivarar lytta til og involvert gjennom heile prosjektet. Kontoret arbeider med oppgåvene frå val av idé og konsept til arbeidsteikning og detaljering, gjennomføring og oppfølging. Prosjektet, med alle faggrupper involvert, skal gjennom byggeprosessen koordinerast trygt gjennom lover og reglar.  Arbeidsteikningar og beskrivelsar skal sikre ein optimal byggeplass-produksjon tilpassa den aktuelle entrepriseforma og i kreativt samarbeid med entreprenøren.  For A38 er det viktig at sluttresultatet gir overbevisande løysingar innanfor dei gjevne miljømessige- og økonomiske rammene. Kontoret arbeider med eit breitt spekter innan arkitektur – frå lavmelt tilpassing til ikoniske byggverk. For A38 er det viktig å både vise samfunnsansvar og respekt for budsjettramma.  Målet er å forvalte investeringa på ein slik måte at også lågbudsjett- prosjekt kan få eit visst arkitektonisk overskudd.  Filosofien til A38 er at det enkle, elegante og tidlause vert oppnådd gjennom valet av det rette konseptet – og – gjerne med overraskande grep.

 
IMG_1206.jpg

A38-2


A38-2