UTVIKLING AV NÆRINGSEIGEDOMAR OG LEILEGHEITSBYGG

Vi ynskjer å vere ein naturleg samarbeidspart med eigedomsutviklarar og entreprenørar. Spesielt likar vi å bli utfordra på vanskelege tomter og eldre bygningsmasse. Vi kan óg gi råd i forkant av grunnerverv for vurdering av potensiale som kan ligge i eigedomen. Kontoret har solid erfaring på prosjektutvikling og reguleringsarbeid, frå råtomt til ferdig prosjekt, og kan såleis vere ein vesentleg bidragsytar til verdiskaping. Eigedomsutvikling er komplekst og kan vere kostbart om ein trør feil. Ein av suksessfaktorane ligg i å dyrke fram dei rette idéane. Vi testar ut idéar i tidleg fase i eigenutvikla program og kvalitetsikrar undervegs slik at du som prosjekteigar løpande har kontroll i prosjektet. Vi har vore totalrådgjevar for fleire store prosjekt med gode resultat og tek gjerne hand om all prosjektadministrasjon.    


Eigedomsutvikling kan medføre mange risikomoment – vår spesialitet er å identifisere, visualisere og gjennomføre dei trygge og gode løysingane.