BKK Høyanger

Tiltakshavar : Høyanger Energiverk

Adresse : Kyrkjebø

Type bygg : Kontor- og administrajonsbygg

Areal : 1.650 m2

Status : Ferdigstilt 1997

Målsettinga var å skape korte og gode kommunikasjons- og trafikkløysingar på ei lang og svært smal tomt.  Anlegget vart organisert med eit bygg i to etasjar med kontorfunksjonar i andre etasje og varmtlager i første etasje, så eit garasjeanlegg for større bilar og så til slutt verkstaden og kaldtlageret.  Utelageret framfor kaldtlager-delen vart skjult med ein stor bogekonstruksjon mot riksvegen.  Material og fargebruken skulle symbolisere energiverket sine grunnfunksjonar, eld og vatn.