Breheimsenteret
Tiltakshavar : ANS Breheimsenteret
Adresse : Gjerde i Jostedalen
Type bygg : Opplevingssenter
Areal : 1.100 m2
Ferdigstilt : 1993, gjenreist etter brann i 2013
Brekatedralen i Jostedalen er eit opplevingssenter knytta til Nigardsbreen og Jostedalsbreen nasjonalpark. Vi tok utgangspunktet i ei organisk form, let oss inspirere av naturen, og freista gjentolke noko av det dramatiske og fascinerande ved breen. To parabelforma skalkonstruksjonar av limtre reist mot kvarandre stiliserer på same tid både istårn og bresprekk. Miljøvernminister Torbjørn Berntsen la ned grunnstein i 1992 og miljøverminister Bård Vegard Solhjell i 2012. Bresenteret vart etter gjenreisinga etter brannen i 2011 offisielt opna av statsminister Jens Stoltenberg i 2013. Den arkitektoniske idéen og uttrykket var det samme, men innvendig vart det gjort oppgraderingar, spesielt på restaurantdelen.
Frå byggeperioden (web- kamera)