Elvegata 22

Tiltakshavar : Høyanger Bustadstifting

Adresse : Høyanger

Type bygg : Kontor, forretning

Areal : ca 1.000 m2

Status : Ferdigstilt 2021

Bygget består av 3 hovudetasjar, men det er halvetasjar både i under- og første etasjen slik at bygget totalt har 5 ulike plan-nivå. Elvegata 22 vart bygd seint på 1960-talet i eit tidstypisk arkitektonisk uttrykk.  Dessverre, vil enkelte hevde, var det ikkje råd å vidareføre mange av dei typiske 60-tals detaljane fordi det var så mange utfordrande kuldebruer. Bygget fekk difor ikkje berre teknisk oppgradering men også eit stilmessig fasadeuttrykk frå vår tid i tillegg til heilt nye planløysingar.