Firdasalen

Tiltakshavar : Sogn og Fjordane fylkeskommune

Adresse : Askedalen 2, Leikanger

Type prosjekt : Forsamling

Areal : 270 m2

Status : Ferdigstilt i 2020

Firdasalen skulle byggast om for betre fleksibilitet og tilpassing til framtidig bruk (fleirbrukssal). Salen vart snudd med podiet vendt vestover. Den vart også utvida med større grunnflate ved at glassfasaden vart flytta utover ca tre meter. I tillegg vart det bygd eit nytt og større galleri, kontrollrom for media og ny trapp/ heistilkomst til galleriet. Også uterommet fekk ei oppgradering.

Talet på nye kvadratmeter var få, men utfordringane var til gjengjeld mange - og store. Etasjehøgda på galleriet var ubehageleg låg, det var krevjande føringsvegar for ventilasjon både vertikalt og horisontalt, krevjande akustisk regulering av salen, støyisolering i eit altfor trangt teknisk rom, vidareføring av eksisterande båndtekking på flatt tak og universell tilpassing inn mot (alt for) trange betongveggar og stålkonstruksjonar for glasstak.