Fossetunet 3
Tiltakshavar : Fossetunet 3 AS/ Johannesengården AS
Adresse : Fossetunet 3, Sogndal
Type bygg : Kontor, leilegheiter
Areal : ca 1.800 m2
Status : Godkjent detaljreguleringsplan 2018/ rammeløyve 2020
Ny detaljreguleringsplan basert på intensjon i Områdeplan Fjøra vest og ønske om å revitalisere ”Gamlefjøra”. Hovudgrepet er å etablere ein delvis lukka kvartalsstruktur med å fjerne eksisterande overflateparkering. Utbyggar må mellom anna erstatte 26 kommunale parkeringsplassar i eit underjordisk garasjeanlegg. Det er stilt strenge krav til gesims og mønehøgder, byggeliner, byggegrenser, krav om aktive fasadar og kva formål som kan vere på ulike etasjar.
Taket/ 3. etasje på Fossetunet blir rive og erstatta med to nye etasjar. I tillegg blir det bygd eit tilbygg mot nord i 4 etasjar pluss kjellar. Prosjektet er utvikla fram til salsprospekt/ rammeløyve.