Grandmo Busenter

Tiltakshavar : Luster kommune

Adresse : Gaupne

Type bygg : Omsorgssenter

Areal : ca 1370 m2

Status : Ferdigstilt 2021

Målgruppa for aktuelle bebuarar ved nye Grandmo busenter er personar med nedsett funksjonsevne som til dømes nedsett rørsle, nedsett syn og hørsel, nedsett orienteringsevne og/eller miljøhemming. Mange av desse vil ha behov for ulike og til dels omfattande tenester frå kommunen for å kunne meistre busituasjonen. Prosjektet er utforma som eit “vanleg” bustadprosjekt og som glir fint inn i eksisterande buområde. Bugruppene er organisatorisk samankobla gjennom administrasjonsbygget, men samtidig visuelt adskilt frå same bygg. Bueiningane har private inngangar utanfrå, separate parkeringsplassar, gode private og felles uteareal. Utfordringa var å organisere bygningsmassen, både nybyggsarealet og omfattande ombygging av den eksisterande bygningsmassen, på ein slik måte at drifta vart effektiv samstumndes som brukarane kunne oppleve eit godt bumiljø.