Håbakken kontrollstasjon
Tiltakshavar : Statens vegvesen
Adresse : Håbakken
Type bygg : Kontrollstasjon
Areal : 114 m2
Status : Ferdigstilt 2009
Målsettinga var å profilere Vegvesenet på ein god måte mot E16. Stasjonen skulle uttrykke myndigheit utan å vere autoritær. Arkitekturen skulle ha god kvalitet, vere funksjonell og med høg bruksverdi. Plassering av bygget på tomta leier merksemda vekk frå det store asfalterte parkeringsområdet for lastebilar. Den langstrekte og høge kontrollhallen med vakkert skifertak dannar bakteppe for ein delikat modellert kontor/personal- avdeling. Utforminga av fasaden mot det sterkt trafikkerte aust-vest sambandet er innbydande samtidig som den gir funksjonærane særs god utsikt over både vegen og kontrollfunksjonane som føregår framfor huset. Materialbruk og fargesetting er tilpassa naturen, men også med subtil referanse til Vegvesenets profilfargar. Kontrollstasjonen vart offisielt opna av Samferdselsminister Liv Signe Navarsete.