Hofslund fjordhotell

Tiltakshavar : Hofslund Fjord Hotel AS

Adresse : Sogndal

Type bygg : Hotellbedrift

Areal : 110 m2 påbygg, diverse ombygging

Status : Ombygd i 1993, mindre ombyggingar i 2002 og 2008

Hotellet vart bygd i 1912 i sveitserstil og er seinare bygd ut i fleire byggetrinn.  Den siste store utvidinga skjedde på 60- talet i tidstypisk funkis-stil med flate tak, gesimskassar og panoramavindauge.  I 1993 vart tilbygga med gjesteromsfløyen mot aust og restaurantdelen mot sjøen ombygde.  Det vart valt ein meir tilpassa stil med skråtak, arkar og oppdelte ruter slik at hotellet skulle framstå meir heilskapleg.  Hotellet fekk Sogndal kommune sin kulturpris etter ombygginga.