Høyanger sjukeheim
Tiltakshavar : Høyanger kommune
Adresse : Høyanger
Type bygg : sjukeheim
Areal : 5.600 m2
Status : Ferdigstilt 2004
40 sjukeheimsplassar, 7 omsorgsbustader, fellesareal, kantine, sentralkjøkken, p-kjellar m.m. Prinsippet om deinstitusjonalisering er vektlagt, også i fellesarealet. Gang- og trafikkarealet er utforma ledig og med variert romforløp. Dagslyset slepp inn i gangarealet fleire stader. Glimt av utsikt og sollys hevar kvaliteten på eit areale som tradisjonelt i institusjonar ofte er prega av rette korridorar, streng orden og mangel på dagslys. Arealet er tillagt diverse aktivitetsfunksjonar. Kantine og møterom med stor takterrasse med utsikt over parken og fjorden, felles for bebuarar i omsorgssenteret og personale.