Johannesengården

Tiltakshavar : Fossetunet 3 AS/ Johannesengården AS

Adresse : Fossetunet

Type prosjekt: Forretning, leilegheiter, nybygg

Areal : ca 3.200 m2

Status : Godkjent detaljreguleringsplan/ skisseprosjekt 2018

Ny detaljreguleringsplan basert på intensjon i Områdeplan Fjøra vest og ønske om å revitalisere ”Gamlefjøra”. Hovudgrepet er å etablere ein delvis lukka kvartalsstruktur med å fjerne eksisterande overflateparkering. Utbyggar må mellom anna erstatte 26 kommunale parkeringsplassar i eit underjordisk garasjeanlegg. Det er stilt strenge krav til gesims og mønehøgder, byggeliner, byggegrenser, krav om aktive fasadar og kva formål som kan vere på ulike etasjar.

I Johannesengården er det planlagt forretning, kafé på bakkeplan og spennande “by”- leilegheiter i etasjane over og med eit grønt fellesareal i gårdsrommet på plan 2 over forretningslokalet. Bygget er regulert til 4 etasjar og ein tilbaketrekt 5. etasje.