Kyrkjebø skule

Tiltakshavar : Høyanger kommune

Adresse : Kyrkjebø

Type bygg : Planlagt som fulldelt barneskule

Areal : ca 500 m2 nybygg fordelt på fleire tilbygg, div ombygging i tillegg

Status : Ferdigstilt i 2004

Arealbruken i heile skulen vart effektivt omdisponert og med utstrakt bruk av sambruksløysingar.  Prosjektet omfatta rehabilitering av gymsalfløy, nye gymgarderobar,  nytt skule/ folkebibliotek, desentraliserte elevinngangar, utvide personalavdelinga og bygge inn dagens atrium med glasstak.  Basisarealet utvida til å bestå av i tillegg til klasseromsareal, fleire grupperom og eit meir opent og fleksibelt fellesareal.  Filosofien var at å sjå medelevar i arbeid, individuelt eller i grupper, kunne ha stor stimulerande og oppdragande effekt.