Luster ungdomsskule
Tiltakshavar : Luster kommune
Adresse : Gaupne
Type bygg : 2-parallell ungdomsskule
Areal : 2.100 m2
Status : Ferdigstilt 2003
Skulen er ein 2- parallell ungdomsskule, planlagt for utviding til 3- parallell. Kreative sambruksløysingar i spesialromma er nytta for å frigi areal til eit multibruksrom med forsamlingsrom og scene, heimkunnskap og kantine. Berande idé i planløysinga er at studerande elevar i ulike fag og aldrar skal vere synlege og såleis virke stimulerande på læringsmiljøet. Tradisjonelle korridorar er borte og erstatta med undervisingsareal utforma som fleksible arbeidssoner. Arealet kan også inndelast tradisjonelt med klasseromstruktur. I dagens løysing er klasseromstrukturen inntil vidare beholdt, med to-fløya dører som ei mellomløysing.