Ombygging av Rådhus 2

Tiltakshavar : Årdal Boligbyggelag

Adresse : Statsråd Evensensveg 1, Årdalstangen

Type bygg : Kontor, leilegheiter

Areal : ca 1000 m2

Status : Mulegheitsstudie 2021

Ombygging av Rådhus 2 til eit nytt burettslag i regi av Årdal Boligbyggelag kan vere ei god løysing for bygget som i stor grad står ubrukt og som sårt treng modernisering. Mulegheitsstudien belyser ein moderat transformasjon av eit 70-talsbygg i relativt god stand alderen teke i betraktning.

Totalt er det planlagt 14 leilegheiter i prosjektet fordelt på 12 stk 3-roms og 2 stk 4-roms.  Felles gjesteleilegheit på 42 m2 kjem i tillegg. Alle leilegheitene får balkong med sol, nokon morgonsol andre kveldssol. Endeleilegheitene blir belyst frå 2 sider og får fin utsikt mot elva på eine sida og mot Torget på den andre.

Ombygginga vil kunne gi attraktive leilegheiter og eit aktivt tilskot til eit meir levande miljø på Årdalstangen.