Sogndal kulturhus

Tiltakshavar : Sogndal Eigedomsselskap AS

Adresse : Sogndal

Type bygg : Kulturhus med utleigedel

Areal : 10.000 m2

Status : Ferdigstilt 1991, ombygd i 2012

Storsal for ca 400 personar tilrettelagt som såkalla fleirformålssal der mange ulike aktivitetar med ulike krav til god akustikk skulle foregå; kino-, teater- og musikksal.  Salen skulle kunne fungere utan akustisk forsterking, men kunne tilpassast akustisk forsterka musikk, tale og kino med baffel-løysing.  Salen er blitt kjend for å ha svært gode akustiske tilhøve, ref. Brazz Brothers, Bergen filharmoniske orkester, Riksteatret m.fl.  Liten sal i amfi med plass til 80 personar.  I tillegg undervisnings-areal for Høgskulen, to bibliotek, stor kantine, kontor- og forretningsareal og underjordisk parkerings-etasje.  Luftig, sentral vestibyle i to etasjar med glastak, fordeler trafikken til dei ulike funksjonane i huset.  Prosjektet vart eit samarbeidsprosjekt med Arkitektkontoret 4B.  A38 hadde prosjekteringsleiinga og entreprisemodellen var delte entreprisar.  I 2012 flytta høgskulen ut og alt undervisningsareal vart ombygd til diverse kontorformål, ein tredje kinosal og eit nytt sambruksrom Blaoboxen.