Sogndal vidaregåande skule
Tiltakshavar : Sogn og Fjordane fylkeskommune
Adresse : Sogndal
Type bygg : 6- avdelings yrkesfagskule
Areal : ca 14 000 m2
Status : Ferdigstilt 2013
Eit kompleks romprogram beståande av 6 avdelingar, bibliotek, vestibyle/ foaje, auditorium, kantine m kjøkken, pers avd/adm., PPR-teneste, tribune nord for Sogndal fotball AS og utomhusanlegg. Hovudinngangen og viktige fellesfunksjonar er samla rundt ein innhaldsrik og hyggeleg utforma aula med utsikt tll eit vestvendt parkområde. Dei ulike yrkesfaga men óg planlagt studiespesialisering og mat og restaurantfag, er organisert rundt aulaen på ein lett-oppfatteleg og ledig måte. Bygningskomplekset føl kontoret sine tradisjonar med å legge vekt på trivelege, funksjonelle og velorganiserte interiør, såvel som uteromma mellom fløyane. Skulen er også naturleg integrert i Campus anlegget og bind saman fylketsidrettsanlegg og SIL sin del av Campus.