Sognefjord akvarium

Tiltakshavar : Kringsjå Hotell

Adresse : Balestrand

Type bygg : Akvarium

Areal : 750 m2

Status : Ferdigstilt 2005

Eit lågkostanlegg med imponerande innhald.  Sognefjord Akvarium har eit utstillingsareal med 24 ulike akvarium, planktonutstilling, modell av Esefjorden, filmsal, kafe med kontaktbasseng og uteservering og Galleri Munken.  I Galleri Munken er det 50 tavler med treskurd utført av Magnus Sande.  Tavlene skildrar fjordhistoria til Balestrand på ein vakker og unik måte.  Akvariet har også ein utedel med fiskekummar, utleige av kanoar m.m.  Anlegget vart opna av HKH dronning Sonja og kong Harald i 2005.