Statens hus
Tiltakshavar : Staten bygge- og eiendomsdirektorat
Adresse : Leikanger
Type bygg : Offentleg forvaltning
Areal : 2.000 m2
Status : Ferdigstilt 1991
Bratt og smal tomt mellom fylkesvegen og fjorden vart utnytta med eit kompakt bygg i fire etasjar. Arealdisponering slik at alle kontor fekk fjordutsikt og med birom i bakkant mot veg. Fylkesarbeidskontoret i første etasje, fylkeskartkontoret i andre, Indre Sogn jordskifterett og Leikanger landbrukskontor i underetasjen. I nedgravd kjellaretasje beredskapskvarter for fylkesmannen i Sogn og Fjordane.