Stedjetunet
Tiltakshavar : Stiftinga Stedjetunet
Adresse : Kyrkjevegen 6
Type bygg : Forsamling, kontor og barnehage
Areal : ca 1.100 m2
Status : Ferdigstilt i 2020
Stedjetunet har vore ein solid institusjon og eit markant landemerke i Sogndal i over 100 år. Då det gamle trebygget blei totalskadd i brann i desember 2017, trudde alle at sjølve byggesaka ikkje skulle by på utfordringar så snart forsikringssummen vart avklara. Slik gjekk det ikkje. Det skulle vise seg at det tok om lag to år å få spaden i jorda. Nye bygge- og dokumentasjonskrav og utfordringar med byggegrunnen, krav til sløkkevatn, nye krav i reguleringsplan og presserande byggetiltak i barnehagen krevde sitt.
Mange i bygda hadde meiningar om korleis det nye bygget skulle sjå ut; skulle vi velge kopi eller eit moderne uttrykk ?
Forma er tilpassa den prominente plasseringa som Gamle Stedjetunet hadde; oppe på haugen med fritt og vidt utsyn over sentrum og fjorden. Forma og fargen i Nye Stedjetunet har gjenklang med det gamle huset, men det har likevel eit klart uttrykk frå vår tid. Konseptet består av eit samspel av ei hovudform og ei komplementærform. Hovudforma har saltak med bratt tak, kvit farge på langveggene og mørke trespiler i gavlane. Komplementærforma er motsatt med flatt tak, tre-spiler på langsidene og kvite plater i gavlane.