Tangevegen 14
Tiltakshavar : Årdal kommune
Adresse : Tangevegen 14, Årdalstangen
Type bygg : Kontor, leilegheiter, ombygging
Areal : ca 1000 m2 + kjellar
Status : Ferdigstilt 2020
Bygget er oppført i to etasjar, med rektangulær grunnform og eit representativt arkitektonisk uttrykk frå 1960-talet. Bygget skulle tilpassast brukarar med psykisk helse- og rusutfordringar (ROP) og ombygd til mindre, tilsynsbaserte leilegheiter med fellesareal og arbeidsbase for døgnbemanna administrasjon. Prosjektet vart starta opp i 2017 og hadde ein lang og kronglete prosess. Først skulle prosjektet utformast etter husbanken sine spesielle reglar for sjølvstendige omsorgsleilegheiter. Deretter vart det fatta vedtak om riving. I siste sekund vart rivevedtaket oppheva og prosjektet omarbeidd for 3. gang, denne gangen til mindre bueiningar utan husbanktilskott eller lån.