ViteMeir

Tiltakshavar : Sogn og Fjordane fylkeskommune/ Veidekke

Adresse : Skarpeteigvegen 2

Type bygg : Undervising og opplevingssenter

Areal : 3.600 m2

Status : Konkurranseforslag 2019

Bygget har wow-faktor og fangar lett merksemd frå riksvegen med sitt ikoniske uttrykk. Det er prosjektert som passivhus med lågt CO2-avtrykk, rekna både i byggeperiode og som livsløpsrekneskap. For oss var det viktig å skape ei open, innbydande og inspirerande form sjølv om dei miljømessige premissane som låg til grunn, var strenge. Eksteriør og interiør er inspirert av geometriske figurar som kvadrat, sirklar og trekantar. Intensjon er å leie merksemda mot geometri og matematikk som grunnleggande faktorar for den vitskaplege utviklinga. Glassfasaden har eit interessant lys- og skyggespel som utspelar seg i interiøret i eit vakkert trekant- og rombemønster.