Ulvahaugen Vest
Tiltakshavar : Ulvahaugen AS
Adresse : Ulvahaugen Vest, Sogndal
Type bygg : Etasjebyggeri, bustadar
Areal : 10.000 m2
Status : Oppstart detaljegulering 2021
Totalt er det planlagt ca 100 leilegheiter fordelt på 3 byggetrinn. Godt fellesskap, sosial berekraft, står sentralt i Ulvahaugen Vest. Prosjektet er tenkt unikt med høgt fokus på arkitektur og halvprivate/ halvoffentlege fellesrom/ uterom. Bustadprosjektet kan få ei rekke med spennande sosiale møteplassar som store og rause takterrassar og uteareal, fellesrom med kjøkken og selskapsrom, ski- og sykkelverkstad, gjesteleilegheit, vaskeplass for bil, utekjøkken med grill, grønsakshage med mulegheit for å dyrke u-reist mat saman med naboane, varierte leikeplassar for barn, boblebad og «zen» hage der ein kan vere litt for seg sjølv.
Arkitektonisk vil ein tilpasse seg karakteren som allereie er etablert på Ulvahaugen. Landskapsmessig toler dette området etter vår meining etasjebyggeri med høg utnytting betre enn dei fleste andre stader i Sogndal sentrum. Sjølv om ein bygger med høg utnytting, vil ein ikkje oppleve at bebyggelsen «overkøyrer» omkringliggande småhus. Ein bygger i eit fallande terreng, og blokkene vil ikkje bli meir enn 2 - 4 etasjar i bakkant. Farge- og materialpalletten er tenkt med lyse parti nederst og mørke jordfargar i dei tilbaketrekte etasjane øverst. Fjernverknaden av prosjektet vil framstå dempa og tilpassa, om lag slik byggetrinn 1 og 2 på Ulvahaugen framstår i dag.
Leilegheitene er planlagt med fine kvalitetar med over gjennomsnitt god utsikt og gode solforhold. Med eit konsept med god fasadelengde tilgjengeleg, er det prioritert grunne leilegheiter med mykje dagslys djupt inn i leilegheitene. Toppleilegheitene er gjennomlyste. Rømmingsmessig har ingen leilegheiter meir enn 4 etasjar ned til bakken, og det er planlagt brannbiltilkomst på alle langsider. Storleiken vil variere frå rimelegare 1-2 roms leilegheiter til tilbaketrekte penthouse-leilegheiter med store private takterrassar. Ulvahaugen Vest - like ved «Rutlinsparken» - ligg i eit etablert og roleg buområde med gang- og sykkelavstand til alle sentrumsfunksjonar, og behovet for dagleg bilbruk blir redusert.